Løyve til Kulu kraftverk i Ål

NVE gjev Blåfall AS løyve til å bygge Kulu kraftverk med inntak nedanfor Kulufossen, i Ål kommune i Buskerud. Anlegget vil produsere omlag 6,8 GWh/år og vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 350 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 235 m, med inntak på kote 685 nedanfor Kulufossen, og kraftstasjon på kote 450. Vassvegen på omlag 1,2 km skal gravast ned på heile strekninga.

Søknadsprosessen har hatt fleire rundar. I siste omgang vart kraftverket omsøkt med eit inntak nedanfor Kulufossen og avløp ved inntaket til Nes kraftverk. Avløpsvatnet frå kraftverket må krysse i røyr under Bergensbanen. Det skal byggast permanent veg inn til kraftstasjonen og inntaket.

Kulufossen som landskapselement og dei viktige biologiske artane i området, har vore dei mest sentrale temaa i høyringa av saka. Det har kome fram at fossen er eit viktig landemerke for Ål og at området kringom er viktig for naturoppleving og rekreasjon for innbyggjarane. Det er også registrert viktige biologiske verdiar, som fuktkrevjande naturmiljø i direkte tilknyting til fossen.

Med inntak nedanfor Kulufossen og påviste verdfulle artar langs elva, er tiltaket etter NVEs syn, lite konfliktfylt. For å bøte på verknadene i og langs elva på strekninga som vert råka, har NVE sett vilkår om minstevassføring som gjeld heile året. For omsyn til turstiar i området, skal det gravast røyrtrasé.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser, og gjev løyve til bygging av Kulu kraftverk på fastsette vilkår.