Støyper ferdig Vossapakko-bru

Gjennomslaget i Vangstunnelen 5. november var ein god milepæl for Vossapakko, men det er likevel inga tid for å kvile på laurbæra. Mellom anna skal den nye brua over E16 ved Seim støypast ferdig i veke 47.

Heile strekninga mot elva er no ferdig. Arbeidet med å legge kablar for vatn og avlaup samt ulike trekkerøyr for elektriske leidningar går for fullt.

–Vi måtte grava til dels svært djupe grøfter – ned mot seks meter - for at det skulle bli «fall» på leidningane så vatnet kan renne rette vegen, seier byggeleiar Bjarne Løne til Statens vegvesen sine nettsider.

Dette er krevjande arbeid fordi grøftearbeida krev at køyrebanen vert innsnevra og trafikkavviklinga må signalregulerast. Samstundes skal dei mjuke trafikantane kunne ferdast trygt.

Prosjektet planlegg å arrangere eit ope møte på Jordbruksskulen i veke 47 der alle interesserte kan få sjå planar og få svar på spørsmål om anleggsarbeidet. Dette vert annonsert i avisa Hordaland.

Under rundkøyringa på Ringheim – på øvre side, skal gang-/sykkelvegen krysse i ein støypt undergang. Arbeidet med denne er no i gang. Her skal gravast djupt og tilpassast før ferdigstøypte element vert heisa på plass. Undergangen skal lyssetjast på «kunstnerisk» vis slik at den kan opplevast på ein trivelegare måte.

Tiltak på Vangen
Arbeidsgruppa som var sett saman av folk frå Voss kommune og Statens vegvesen har no kome med ein del forslag til å gjere sentrum trivelegare gjennom Vossapakko. Dette er eit omfattande arbeid der estetikk skal gå hand i hand med trafikktryggleik og effektiv vinterdrift av gater og fortau/gang- og sykkelvegar. Primært ønskjer Voss kommune at midlane som er sett av til dette skal nyttast mellom Svartenakken og kyrkja.

Arbeid i Vangstunnelen
Stein og pukk av god kvalitet skal no fraktast inn for å danne eit solid vegfundament. Nesten heile tunnelen er ferdig sikra og det er kartlagt kvar det trengst frostsikring. Eit omfattande grøftesystem for kablar og leidningar samt tilhøyrande kummar skal på plass.

Sjølve tunnelkvelvinga skal sikrast fullstendig og både fjellet og vatn-/frostsikringa skal dekkast med sprøytebetong. Langs sidene skal det setjast opp tre meter høge betongveggar. Elektroentreprisen for heile anlegget skal lysast ut før jul.

Steintippen på Svartenakken er strakst ferdig planert og det same gjeld fyllingane i høve Voss kommune sin strandplan langs Vangsvatnet.