Arenaleiar- Marknadsområde Østlandet - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHedmark
StedRena
Søknadsfrist30.11.2012

Driftsservice har direkte ansvar for driftstenesta og kundeservicen innanfor ansvarsområdet sitt, og for å sjå til at dei blir utførte innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane.

Arenaleiarrolla skal bidra til å oppnå:
At Forsvarsbygg blir oppfatta som ein koordinert organisasjon med eit tydeleg andlet utad mot brukarar, tingarar og publikum
Nøgde brukarar gjennom tett dialog, einskapleg og tydeleg informasjon og kommunikasjon
Betre og meir effektiv service gjennom rask respons, oppfølging og tilbakemelding på førespurnader
Eit godt omdøme for arenaen og Forsvarsbygg
Meir samhandling på tvers av forretningsområda i Forsvarsbygg, slik at vi viser oss som eitt Forsvarsbygg innan arena.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver



  • Ansvarsområdet til stillinga:
  • Ta seg av arenakonseptet og vere arenaen sitt andlet utad mot brukarane
  • Sikre relevant og einskapleg informasjon til og kommunikasjon med brukarar og andre interessentar på arenaen på vegner av Forsvarsbygg
  • Ansvar for utandørs arealdisponering (lagring av konteinarar, gjennomføring av arrangement, sambruk osb.)
  • Ansvar for etablering og gjennomføring av faste samarbeidsmøte/koordineringsmøte på arenaen mellom dei ulike forretningsområda
  • Leggje til rette for og ta initiativ til arrangement
  • I samarbeid med serviceleiaren for drift vere ansvarleg for:
  • Utførande drift og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt, inkludert gjennomføring av driftsplan, avvikshandtering, samarbeid med og oppfølging av kundar, og oppfølging av leverandørar
  • At eininga utfører tenester og oppdrag på ein fagleg og forskriftsmessig måte
  • Å bidra til at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert HMS og internkontroll for verksemda og personellet til avdelinga
  • Å ha tilsyn med tilsette i eiga eining, inkludert:
  • Personelldisponering
  • Fagleg oppfølging, avdekkje behov for kompetanseheving osb.
  • Gjennomføre medarbeidarsamtaler
  • Resultat- og økonomioppfølging
  • Utarbeide grunnlagsmateriale til budsjett og kontraktar
  • Økonomioppfølging innanfor ansvarsområdet

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning
  • Relevant fagleg røynsle og leiarrøynsle
  • Røynsle frå prosjektleiing eller anna koordinerande verksemd er ynskjeleg
  • Samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Førarkort kl. B
  • Du må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg

 

 Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk miljø
  • Løn som driftsleiar/avdelingsingeniør/overingeniør (kode 1137/1085/1087)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Stillinga er del av eit konsept i utvikling, noke som gjer moglegheit for endra oppgåver og ansvarsområde

 

Kontaktinformasjon:

Thomas Faller, leiar Driftsservice - 404 47 074

Oddbjørn hagen, stabsleiar - 414 76 623

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1607169894&company_id=148783765&culture_id=NN-NO


Vis flere stillinger: