Serviceleiar drift - Markedsområde Østlandet - Forsvarsbygg utleie

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHedmark
StedRena
Søknadsfrist30.11.2012

Serviceleiar drift har direkte ansvar for driftstenesta innan markedsområdet og for at den blir utført innanfor dei fastsette rammene, målsetjingane, lovene og reglane.
Driftstenesta har ansvar for den utførande drifta og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


 Arbeidsoppgåver



  • Ansvarsområdet til stillinga:
  • Ansvarleg for den utførande drifta og kundeservice innanfor ansvarsområdet sitt, inkludert:
  • Syte for gjennomføring av driftsplanen
  • Melde eventuelle avvik
  • Samarbeid med og oppfølging av kundar
  • Oppfølging av leverandørar
  • Ansvarleg for at det blir halde løpande kontakt og dialog med representantar for kunden og brukarar om status for Forsvarsbygg sine lokale leveransar
  • Ansvarleg for at eininga utfører tenester og oppdrag på ein fagleg og forskriftsmessig måte
  • Bidra til at økonomiske og forvaltingsmessige oppgåver og pålegg blir gjennomførte på forskriftsmessig vis, inkludert planlegging og rapportering av HMS og internkontroll for verksemda og personellet til avdelinga
  • Skaffe naudsynt materiell og utstyr etter gjeldande avtale
  • Ansvarleg for at FDV-applikasjonen Summarum blir oppdatert dagleg
  • Ha tilsyn med tilsette i eiga eining, inkludert:
  • Personelldisponering
  • Fagleg oppfølging, avdekkje behov for kompetanseheving osb.
  • Gjennomføre medarbeidarsamtaler
  • Resultat- og økonomioppfølging
  • Utarbeide grunnlagsmateriale til budsjett og kontraktar
  • Økonomioppfølging innanfor ansvarsområdet

 

 Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning
  • Relevant fagleg røynsle og leiarrøynsle
  • Relevant bransjeinnsikt er ynskjeleg
  • Førarkort kl. B
  • Du må kunne tryggleiksklarerast for nivået hemmeleg

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit dynamisk miljø
  • Løn som driftsleiar/avdelingsingeniør/overingeniør (kode 1137/1085/1087)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste

 

Kontaktinformasjon:

Thomas Faller, leiar Driftsservice - 404 47 074

Oddbjørn hagen, stabsleiar - 414 76 623

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1607157891&company_id=148783765&culture_id=NN-NO



Vis flere stillinger: