Internkontrollarar utvikling sentral stab - Forsvarsbygg utvikling

Den beste arbeidsplassen er den som fungerar som vidareutdaning. Slik tenkjer vi, og det trur vi du gjer også. I Forsvarsbygg nyttar vi mykje ressursar på å utvikle medarbeidarar og leiarar. Det er naudsynt for å halde på dei beste, og det er naudsynt for å plassere oss der vi ønskjer å vere, som leiande i bransjen.

Forsvarsbygg er Noregs største offentlege eigedomsaktør og forsvarssektoren sin eigen ekspert på eigedom. Ingen kan meir enn oss om Forsvaret sitt særskilde behov. Vi byggjer og tek hand om mange av landets mest særeigne og krevjande bygg, me er heim for menige og befal og me medverkar til trivsel på tusenvis av arbeidsplassar.

FirmaForsvarsbygg Utvikling
FylkeOslo
Søknadsfrist25.11.2012

Forsvarsbygg utvikling leverer infrastruktur, bygg og anlegg til Forsvaret si verksemd. Vi styrer og deltek i heile prosessen, frå idestadiet til ferdige bygg og anlegg blir leverte, både med taktisk rådgjeving, alternativstudiar og prosjektutvikling.

Gjennom god internkontroll og risikostyring skal vi sikre måloppnåing, at lover og reglar blir følgde og at prosessane våre blir stendig betre. Internkontrollen er retta mot Forsvarsbygg sine investeringsprosjekt innanfor eigedom, bygg og anlegg.

Vi søkjer etter to høgt kvalifiserte internkontrollarar som kan hjelpe leiinga med å halde høg kvalitet i alle delar av prosessen, frå idé til ferdige bygg og anlegg.

Arbeidsstaden er Oslo eller ein av Forsvarsbygg utvikling sine hovudlokalitetar.
For tida går størsteparten av investeringsverksemda til Forsvarsbygg føre seg i Nord-Noreg, og ein må rekne med ein del reiseverksemd til dei andre kontora våre.

Stillingane rapporterer til sjefen for internkontroll i Forsvarsbygg utvikling.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.


 Arbeidsoppgåver

  • Risikostyring (risk management)
  • Internkontroll
  • Analyse og utgreiing
  • Effektiviserings- og forbetringsarbeid

 

 Utdanningsretning

  • Militære fag / forsvaret
  • Statsvitskap
  • Bygg og anlegg
  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Økonomi

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Dokumentert kunnskap om revisjon, prosjektarbeid, juss og/eller prosess-/kvalitetsleiing
  • Det er ynskjeleg med gode kunnskapar om offentleg forvalting og anskaffingar/kontraktar
  • Stillinga krev tryggleiksklarering


Personlege eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Avgjerdsfør

 

Vi tilbyr

  • Spanande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • Ein utfordrande jobb i eit dynamisk miljø
  • Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) etter lønsregulativet til staten
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste

 

Kontaktinformasjon:

Morten Skaarer, Sjef internkontroll i utvikling, 90 56 48 42

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1604993093&company_id=148783773&culture_id=NN-NO

 

Vis flere stillinger: