Må utbetre manglar i Osbergtunnelen

Etter opning av riksveg 13 Osbergtunnelen er det oppdaga nokre manglar i tunnelen. I vekene framover må difor noko av arbeidet som vart gjort med vatn- og frostsikring rettast opp.

– Vi må stenge Osbergtunnelen medan arbeidet pågår, då arbeidet som skal utførast går over eit 20 til 30 meter langt parti i tunneltaket, seier byggeleiar Adler Enoksen til vegvesen.no.

Arbeidet i tunnelen, som ligg mellom Osberg og Kilane i Suldal kommune, skal gjerast på dagtid og fram til klokka 21:00 om kvelden måndag til torsdag i tre veker framover. Startdato er måndag 5. november. Etter planen skal arbeidet vere ferdig 24. november.

– Tunnelen er open for trafikk måndag til onsdag frå klokka 21:00 og fram til neste morgon klokka 07:00. Frå torsdag klokka 15:00 er tunnelen open til måndag morgon klokka 07:00, seier Enoksen.

I stengingsperioden mellom klokka 07:00 og 21:00 måndag til onsdag, og torsdag mellom klokka 07:00 og 15:00, må bilistane nytte gamlevegen utanom tunnelen.

– Køyring på gamlevegen blir regulert med lys. Det betyr at folk må rekne med noko venting. Vi er leie for at manglane ikkje vart avdekka før vi opna tunnelen og håper at ulempene for trafikantane ikkje blir for store, seier Adler Enoksen.