Snart gjennomslag i Vangstunnelen

Måndag 5. november vil gjennomslagssalven for Vangstunnelen på Voss bli fyra av. Dette er ein månad før skjema, og ein stor og god milepæl for prosjektet.

- Arbeidet med tunneldrivinga har gått framifrå, og heldigvis utan skader på mannskap eller materiell, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid, som er svært nøgd med resultatet så langt.

Om vel eit år skal trafikantane etter planen få ta den nye Vangstunnelen i bruk. Dei vil da spare mykje transporttid, og ikkje minst; Vangen vil bli spart for det meste av gjennomgangstrafikk. I alle fall når det gjeld langtransport og tungtrafikk.

Det er NCC Construction Norge som er entreprenør på prosjektet.