Meir heider til Bybanen i Bergen

Bybanen i Bergen er nok ein gong heidra. På plankonferansen for Hordaland vart BOBY-prisen 2012 tildelt Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen for samarbeidet om Bybanen.

Prisen vart delt ut av Norsk Bolig- og Byplanforening under festmiddagen i Haakonshallen måndag 22. oktober. Leiar av juryen, Elin Børrud, sa at det var nominert seks kandidatar til prisen, og røpa deretter at prisen går til Bybanen, skriv Hordaland fylkeskommune på sine nettsider. Dei mange frammøtte i salen braut ut i ein spontan applaus, før juryleiaren sleppte til igjen.

– Prisen går til Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen for samarbeidet om å realisere banen. Dette samarbeidet er organisert gjennom Bergensprogrammet. Utbygginga av bybane i Bergen har vore debattert i 50 år og planlagt i 20 år, sa Børrud.

Juryleiaren trekte fram at det er ikkje uvanleg at slike store investeringar treng modningstid både i det politiske miljøet og hos involverte planstyresmakter.

– Modningstida er no over, og det er mogeleg å hauste. BOBY-prisen 2012 er eit prov på at samarbeid og felles vilje til kvalitet, vil løne seg. Eit mangfald av samarbeidande faggrupper har gitt suksess. Planen har fått god forankring i forvaltninga, og tryggleik i faglege og politiske prosessar. Kvaliteten på det ferdige baneanlegget viser gjennom aktive og målretta prosessar gjennom heile planfasen, sa Elin Børrud.