Ikkje løyve til Fagerliåe kraftverk i Sel

NVE seier nei til søknad frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Fagerliåe kraftverk i Sel kommune i Oppland av omsyn til raudlista artar og naturtypar med stor verdi.

Fagerliåe Kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 5,0 MW og ein årleg produksjon på omlag 15,5 GWh.

Grunna store konfliktar med naturverdiar vart søknaden avslått utan høyring. Grunngjevinga for avslaget er at det langs Fagerliåe er svært viktige bekkekløfter og ei rekkje raudlista artar. Utbygging av Fagerliåe kraftverk ville truga bestandar av mellom anna elfenbenslav, flatragg og ròtetvebladmose.

Etter NVEs syn vil ei utbygging ikkje vere i samsvar med Olje- og energidepartementet sine retningslinjer for løyve til småkraftverk.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Fagerliåe kraftverk.

Les mer om kraftverket her