Halve Hardangerbrua oppe

Over halve lengda med køyrebane-seksjonar til Hardangerbrua er løfta på plass i fjordspennet.

Arbeidet med montasje av køyrebaneseksjonar tok til 28.september. Sidan har det jamnt og trutt vore løfta opp stålkasse-delar frå skipet som ligg i posisjon under bruspennet. Tilsaman fire kraner på brukablane har vore i sving for å gjennomføra løft av seksjonane, melder vegvesen.no.

Vind og teknikk
Fredag 19.oktober var det heising av den tolvte av i alt 23 stålseksjonar. Gjennomgåande har det vore løft kring annankvar dag, men det har i periodar gått lengre tid mellom kvart løft. Vindtilhøva er med og påverkar framdrifta, og i delar av oktober har det vore periodar med for sterk vind til å gjennomføra løft av bruseksjonar.

Dessutan er det mange tekniske utfordringar til desse operasjonane, som krev god samhandling mellom dei ulike posisjonane i arbeidet.

Sveising etterpå
18 av dei 23 seksjonane er på 60 meters lengde, og veg kvar kring 370 tonn. Heile hovudspennet omfattar totalt 1308 meter med stålkasse. Med ein meter lange fuger på kvar side blir hovudspennet 1310 meter langt, den åttande lengste hengebrua i verda, og den lengste to-felts hengebrua.

Etter planen skal alle 23 seksjonane vera på plass i løpet av oktober 2012. Det står att å sjå om det er behov for å gå inn i november før heile køyrebana er løfta opp, og entreprenøren kan ta til med samansveisinga av brukassen.