Sjå video frå sprenginga på Filefjell

I denne korte filmsnutten kan de sjå og høyre korleis 4000 kubikkmeter stein blir sprengt i lufta.

I samband med bygginga av ny E16 mellom Smedalsosen og Borlaug skal vegen utvidast nokre stader. På ei av desse strekningane ligg vegen på ein mur over elva Smedøla, med eit 30 meter bratt fjellparti, ei skjering, på motsett side. For å utvide vegen må denne sprengjast vekk, melder vegvesen.no.

Salva som vart avfyrt på tysdag var på omlag 4360 kubikkmeter, og det gjekk med omlag 3770 kg sprengstoff.

I samband med sprengingsarbeidet har E16 over Filefjell vore stengt i fleire veker. Vegen er no open frå fredag kl.14.00 til måndag kl.07:00. Frå veke 44 blir det nye stengetider.