Fleire bustader skal passa for alle

- Regjeringa har ambisjonar om at fleire bustader og alle offentlege bygg skal utformast slik at dei passer for alle, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. Torsdag 28. april inviterer Husbanken og Statens bygningstekniske etat til konferanse om universell utforming i Oslo og lansering av eit nytt informasjonsprogram om auka tilgjengelegheit.

Universell utforming er utforming av produkt og omgjevnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor utstrekning som mogleg, utan behov for tilpassing og spesiell utforming. Regjeringas handlingsplan for auka tilgjengelegheit for personar med nedsett funksjonsevne omtalar 50 tiltak for bygg og uteareal. Informasjonsprogrammet som Husbanken og Statens bygningstekniske etat arbeider med skal gjere universell utforming til ein sjølvsagt del av planlegging og bygging, håper statsråd Solberg. For å få lån frå Husbanken vil det bli krav om at bustaden må kunne brukast av alle. Eg har dessutan bede Statens Bygningstekniske etat om å vurdere endringar i regelverket, seier ho. Informasjonsprogrammet er treårig (frå 2005 til og med 2007) og får i 2005 1,6 millionar kroner frå handlingsplanens budsjett. Totalt er det for 2005 sett av 186 millionar kroner gjennom handlingsplanen for auka tilgjengelegheit for å auke tilgjengelegheiten i samfunnet.