Spansk innkreving på Hardangerbrua

Spanske Tecsidel har fått kontrakt på levering av anlegget for bompenge-innkrevinga på Hardangerbrua.

Prosjektleiar for anlegga i Norge, Lazaro Navarro, har underteikna kontrakten i lag med prosjektleiar for Statens vegvesen, Øivind L. Søvik. Kontraktsummen for oppdraget er på 2,5 mill. kr. Anbodet var lyst ut i lag med fire andre norske bompengeprosjekt, med ein total sum på 17,3 mill. kr.Dei andre prosjekta er E6 Saltneset ved Alta, rv. 80 Tverrlandbrua ved Bodø (vegpakke Salten), rv. 78 i Vefsn (vegpakke Helgeland) og fv. 34 Grime i Oppland.

Tecsidel etablerte for tre år sidan eige Norges-kontor.

Tecsidel har frå før også inngått avtale med andre pågåande bompengeprosjekt i Hordaland, m.a. Jondalstunnelen, Vossapakko og Kvammapakken.

Tecsidel får også avtalen om service og vedlikehald av bomanlegget på Hardangerbrua i levetida på anlegget.

Montasjearbeidet tek eit par veker, og skal vera klart til opninga av Hardangerbrua i 2013.