E16 Filefjell opnar 12.oktober

E16 mellom Smedalsosen og Borlaug opnar som planlagt 12.oktober, men sidan det står att mykje sprengingsarbeid i fjellskjeringa, vil det bli stengingar framover seinhausten.

Anleggsarbeidet i den høge fjellskjeringa ved Maristova har vore ei stor utfordring, og ustabilt fjell har ført til ukontrollerte utglidingar og stengt veg dei siste tre vekene.

- Entreprenøren har gjort ein stor innsats for å kunne opne vegen til den 12.oktober, men mykje arbeid står likevel att, seier prosjektleiar for E16 Filefjell, Oddvin Ylvisaker.

Vegen opnar for trafikk fredag 12.oktober kl.14:00, men vert stengt i veke 42 og 43 frå måndag kl.07:00 til fredag kl.14:00.

Av fjellovergangane mellom aust og vest står E16 Filefjell som det naturlige valet i periodar med dårlig vêr. I desse vekene vil Statens vegvesen difor ha ein beredskap for å opne vegen dersom føreforholda på omkøyringsvegane tilseier det.
Arbeidet i fjellskjeringa vil føregå ved at ein sprenger ei salve, og deretter lastar ut masser og sikrar fjellsida før neste salve blir sprengt. Dermed har ein kortare reaksjonstid og kan tilpasse opning og stenging ut i frå vêrtilhøva.

I slutten av oktober skal ein ha rydda dei største høgdene i skråninga, og då kan arbeidet gå parallelt med trafikk på vegen. Vegen vil berre bli stengt i kortare periodar, under sprenging og opprydding.

Ved å halde fram arbeidet ut over seinhausten, kan prosjektet ha ei rasjonell anleggsdrift, og ein slepp opphoping av sprengingsarbeid neste sommar.