Fagingeniør VVS - marknadsområde østlandet - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeHedmark
StedRena / Elverum
Søknadsfrist20.11.2012

Utleigeservice har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat for marknadsområdet, noko som inkluderer å ta seg av eigarrelaterte husleigeplikter og forvaltingsoppgåver.
Plantenester har ansvar for verdibevarande prosessar, gjennomføring av vedlikehaldsplanen for MO-et, og ivaretaking av Utleige sine krav og interesser i samband med investeringsprosjekt i regi av FB Utvikling.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver



  • Ansvar for internkontroll i marknadsområdet innanfor fagområdet. Kvalitetssikre at VVS-installasjonar følgjer avtalte normer og forskrifter.
  • Vere marknadsområdet sin kontaktperson mot sentralt ledd innan faget
  • Planleggje, leie og organisere vedlikehald av bygningstekniske anlegg i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • Ansvar for at marknadsområdet følgjer regelverket til plan- og bygningsetaten når det gjeld VVS, inkludert å sørgje for at søknadspliktige prosjekt blir handsama korrekt

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant ingeniørutdanning på universitets-/høgskulenivå (bachelor-/mastergrad)
  • Gode datakunnskapar på områda prosjektstyring og prosjektleiing
  • Røynsle med prosjektleiing innan EBA
  • Førarkort kl. B

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Løn som overingeniør (1087) i Statens lønsregulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse

 

Arbeidsstad

  • Rena
  • Elverum

 

Kontaktinformasjon:

Kjell Karlsen, leiar utleigeservice, tlf 920 60 725

 

Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1566601981&company_id=148783765&culture_id=NN-NO


Vis flere stillinger: