- Statsbudsjett med klar raudgrøn profil

- Budsjettet viser at med god økonomisk styring er det mulig å oppnå høg sysselsetting, ein velfungerande arbeidsmarknad, aktiv næringspolitikk, infrastruktur, offentleg velferd og rettferdig fordeling trass kriser og store svingingar i verdsøkonomien, seier leiar i Fellesforbundet Arve Bakke.

Han meiner det framlagte statsbudsjettet for 2013 har i seg viktige politiske prioriteringar i samsvar med plattforma for det raudgrøne samarbeidet. Budsjettet er også i samsvar med mange av dei forslag Fellesforbundet har fremma.

- Vi opplever historisk høg sysselsetting, og mykje av denne blir dekka opp gjennom arbeidsinnvandring. Eg er glad for at både Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet blir styrka for å få betre og meir effektive tilsyn, for på denne måten å hindre skader og sosial dumping. Det er også bra at lønsgarantiordninga blir utvida, for å sikre arbeidstakarane betre ved konkursar, påpeiker Bakke.

- Ei sterk krone og større kostnadsvekst enn hos handelspartnarane er ei særleg utfordring for oss. Eg er uroa over at lønsveksten ser ut til å bli sterkare enn tidlegare lagt til grunn. Dette underbyggjer behovet for eit enda sterkare frontfag. Det underbyggjer også behovet for næringspolitiske tiltak for å styrkje andre næringar enn dei som leverer til petroleumsverksemda. Budsjettforslaget vil fremme nyskaping og omstilling gjennom blant anna auka satsing på næringsretta forsking, og at den sterke satsinga på miljøteknologi blir oppretthalden, meiner forbundsleiar Arve Bakke.