Auke på 1,6 mrd til vegformål

– Eit rekordhøgt samferdselsbudsjett gir rom for sterk vekst i vegløyvingane. Dette betyr tryggare trafikk, betre vegstandard og kortare reisetid for folk og næringsliv, seier samferdselsminister Marit Arnstad.

15 større prosjekt, medrekna to rassikringsprosjekt, blir ferdige neste år, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner.

Tolv større, nye prosjekt får i 2013 statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid. I tillegg er det lagt til grunn bompengar til anleggsstart eller førebuande arbeid på ytterlegare ni nye, større prosjekt. For seks av desse er det teke atterhald om tilslutnad frå Stortinget til eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging.

- Neste år kan det dermed bli oppstart av om lag 20 nye, større vegprosjekt, seier samferdselsministeren.

Regjeringa foreslår i alt 17,8 milliardar kroner til vegformål i 2013. (Beløpet er korrigert for ei budsjetteknisk omlegging som gjeld oppheving av momsfritak for vegsektoren).

Samanlikna med 2012 er dette ein auke på om lag 1,6 milliardar kroner eller 9,7 prosent.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet går om lag 9,5 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Den foreslåtte løyvinga på 17,8 milliardar kroner til vegformål er fordelt slik:

* Om lag 8,3 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn – ein auke på 10,9 prosent

* 7,9 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til rassikring
– ein auke på 10,9 prosent

* 550 millionar kroner som statleg tilskott til rassikring på fylkesvegnettet

* 15,5 millionar kroner til det nye Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg

* 525 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester

* 411 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre vegutbyggingar i perioden 2005-09 etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)

* 140 millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”

Drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn: 8,3 milliardar kroner
Om lag 8,3 milliardar kroner er foreslått til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn. Dette er ein auke på 810 millionar kroner eller 10,9 prosent i forhold til 2012.

2,1 milliardar kroner er sett av til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, trafikkstyring og trafikantinformasjon.

Til vedlikehald av riksvegnettet er det lagt opp til å nytte om lag 1,7 milliardar kroner. Av dette beløpet skal om lag ein milliard kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi asfaltdekke på om lag 950 kilometer riksveg, om lag det same som i 2012. Samla sett vil aktiviteten innan vedlikehald bli om lag på same nivå som i 2012.

Innanfor det foreslåtte beløpet på 8,3 milliardar kroner går 1,8 milliardar kroner til trafikant- og køyretøytilsyn, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utført ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver. Resten går i hovudsak til veg- og trafikkforvalting.

Investeringar på riksvegnettet: 7,95 milliardar kroner
Om lag 7,95 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar på riksvegnettet, medrekna rassikringsmidlar. Dette er ein auke på vel 780 millionar kroner eller 10,9 prosent frå saldert budsjett 2012.

I tillegg går om lag 9,5 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.

Forslaget betyr at ein innan utgangen av neste år har starta opp alle riksvegprosjekt som er prioriterte i første fireårsperiode av gjeldande Nasjonal transportplan (2010-2019) og som har fått nødvendige avklaringar.

Nye, større vegprosjekt
For 2013 er det prioritert statlege midlar til anleggstart eller førebuande arbeid på desse nye, større prosjekta på riksvegnettet, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

- E39 Eiganestunnelen i Rogaland (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

- E39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande N, Sogn og Fjordane

- E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

- E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føresett tilslutnad til finansieringsopplegg)

- E134 Gvammen – Århus, Telemark

- Riksveg 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane

- E6 Oppdal sentrum, Sør-Trøndelag

- E6 Kråkmofjellet, Nordland

- E8 Riksgrensa – Skibotn, Troms

- E105 Elvenes – Hesseng, Finnmark

- E16 Varpe bru – Smedalsosen i Sogn og Fjordane

- E6 Halselv – Sandelv – Møllnes i Finnmark

I tillegg er det - innanfor vedtekne ”bypakker” - lagt til grunn bompengar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse nye, større riksvegprosjekta i 2013 (over 100 millionar kroner):

- Riksveg 22 Lillestrøm – Fetsund, Akershus

- E18 Ombygging ved Høvik stasjon, Akershus

- E16 Sandvika – Wøyen

For fleire større prosjekt pågår det utgreiingar og ekstern kvalitetssikring. Regjeringa vil vurdera desse prosjekta nærare og vil deretter kome tilbake til Stortinget på eigna vis. Det er førebels lagt til grunn bompengar på desse prosjekta, med atterhald om tilslutnad frå Stortinget til eit opplegg for delvis bompengefinansiert utbygging:

- E18 Knapstad – Akershus grense, Østfold

- E18 Bommestad – Sky i Vestfold

- E134 Stordalstunnelen, Hordaland

- E6 Ringebu – Otta, strekninga Frya – Sjoa, Oppland

- Riksveg 4 Gran – Jaren, medrekna Lygna sør, Oppland

- E6 Helgeland i Nordland, første etappe

I 2013 tek ein òg sikte på å vurdere bompengeproposisjon for desse bypakkene:

- Miljøpakke Trondheim, fase 2, Sør-Trøndelag

- Bypakke Bodø, Nordland

- Vegpakke Harstad, Troms

15 nye prosjekt blir opna for trafikk
Desse 15 nye, større vegprosjekta blir opna for trafikk i 2013, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

- E39 Knutset – Høgset, Møre og Romsdal

- E39 Astad – Knutset, Møre og Romsdal

- Riksveg 13 Tysdalsvatnet (rassikring) Rogaland

- Riksveg 13/riksveg 7 Hardangerbrua, Hordaland

- E16 Nestunnelen i Buskerud (omfattande utbetring av dagens veg)

- E16 Omlegging forbi Voss (Vossapakka), Hordaland

- E6 Øyer – Tretten, Oppland

- Riksveg 150 Ulvensplitten – Sinsen, Oslo

- E39 Hjartåberga (rassikring), Møre og Romsdal

- E6 Sentervegen – Tonstad, Sør-Trøndelag

- E6 Værnes – Kvithammar, Nord-Trøndelag

- E6 Harran – Nes bru, Nord-Trøndelag

- Riksveg 80 Løding – Vikan, Nordland

- E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft, Finnmark

- E6 Jansnes – Halselv, Finnmark

Særskilte tiltak for trafikksikring: Nær 750 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa 748 millionar kroner.

Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindra dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss.

I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.

Rassikring: 1370 millionar kroner
Til rassikring er det føreslått å løyve 1 370 millionar kroner. Av dette går 819 millionar kroner til rassikring på riksvegar, medan 551 millionar kroner er statleg tilskott til rassikring på fylkesvegar.

For rassikring på riksvegar er dette ein auke på vel 282 millionar kroner eller om lag 53 prosent, samanlikna med 2012.

For tilskott til rassikring på fylkesvegar er dette ein auke på 12,4 millionar kroner frå 2012.

På riksvegnettet vil midlane bli nytta til å vidareføre prosjekt som alt er sette i gang eller vedtekne, mellom anna E39 Hjartåberga i Møre og Romsdal, riksveg 13 Tysdalsvatnet (Vatne – Øygjaneset) i Rogaland, E136 Vågstrandstunnelen og riksveg 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal og E10 Solbjørnneset – Hamnøy i Nordland.

Gang- og sykkelvegar: 507 millionar kroner
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn å bruke 507 millionar kroner, fordelt med 351 millionar kroner i statlege midlar og 156 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhengjande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.

I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet. Desse vil dermed bli finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.

Tiltak for kollektivtransporten og universell utforming: 196 millionar kroner
Innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2013 nyttast 196 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten og universell utforming. Av dette er 106 millionar kroner statlege løyvingar, medan det er lagt til grunn 90 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar.

Midlane vil i hovudsak bli nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna bygging av kollektivfelt.

Miljø- og servicetiltak: 135 millionar kroner

135 millionar kroner går til miljø- og servicetiltak langs vegnettet, fordelt med 120 millionar kroner i statlege løyvingar og 15 millionar kroner i bompengar.

Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgja opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld internasjonalt regelverk for vasskvalitet og biologisk mangfald. I tillegg er det sett av midlar til mellom anna miljøgateprosjekt.

Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.

Nasjonale turistvegar: 125 millionar kroner
Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 125 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. Satsinga på Nasjonale turistvegar omfattar 18 strekningar som skal utviklast til turistattraksjonar som skal vere med på styrkje Noreg som attraktivt feriemål.

Kjøp av riksvegferjetenester: 525 millionar kroner
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått å løyve 525 millionar kroner. Ferjetilbodet i 2013 blir i hovudsak vidareført frå 2012. Det er lagt til grunn at køyretøy- og passasjertakstane skal auke med gjennomsnittleg 3,3 prosent i 2013.

Investeringar – fordelt på transportkorridorar og riksvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2013 skal nyttast i alt 10 560 millionar kroner (7 949 millionar kroner eksklusiv ”momskompensasjon) i statlege midlar til investeringar på riksvegnettet, medrekna rassikring. I tillegg kjem 9 525 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.

Dei statlege midlane omfattar ”ordinær budsjettpost for riksveginvesteringar”, posten Rassikring og tre eigne investeringspostar - for E18 i Bjørvika i Oslo, E16 over Filefjell og E6 Vest for Alta.

770 millionar kroner (medrekna momskompensasjon) av dei foreslåtte statlege løyvingane til riksveginvesteringar er sette av til såkalla ”ikkje rutefordelte tiltak”, mellom anna tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling og ”Fellesutgifter” (administrative kostnader knytt til riksveginvesteringane , til dømes lønn, husleige, IKT ).

Dei samla investeringsmidlane til riksvegnettet, medrekna rassikring er fordelte slik:             

(beløpa er medrekna kompensasjon for opphør av momsfritak for vegsektoren) 

x)  mellom  anna prosjektet ”Nasjonale turistvegar”, innkjøp av reservebruer, forsking og utvikling og ”Fellesutgifter” (administrative kostnader  knytte til riksveginvesteringane  (lønn, husleige, IKT) 
xx) omfattar budsjettposten ”Riksveginvesteringar” , posten Rassikring og særlege budsjettpostar for E16 over Filefjell,  E6 Vest for Alta og E18 i Bjørvika i Oslo.
xxx) Ikkje medrekna 230 millionar kroner frå bompengar til ”Vederlag til OPS-prosjekt”