Hardangerbrua meir synleg

Sakte men sikkert kjem køyrebane-seksjonar til Hardangerbrua på plass under kablane.

Den første seksjonen blei løfta opp i posisjon fredag 28.september om kvelden. Løftet tok 4,5 timar. Etter eit par timars førebuing på skipet og krana oppe i kabelen, blei lasta løfta fri frå skipet i 17-tida, og var oppe i rette posisjonen kring kl. 21.30. Deretter gjekk det tre timar med innfesting av første seksjonen i seks av hengestengene. Første seksjon heng nestan midtfjords, på Bu-sida av midten på bruspennet, melder vegvesen.no.

Andre stålkasse-seksjon var på plass eit par dagar etter. Deretter har entreprenøren hatt behov for tilpassing og testing av kraner og andre førebuande operasjonar. Ved 12- tida 5.oktober kom tredje seksjonen på plass i bruspennet over Eidfjorden.

Det er vanskelege operasjonar som pågår på Hardangerbrua no. Arbeidet krev gode tekniske førebuingar. Dessutan er det ein viss risiko med dei store kreftene som ligg i løft og kabel-strekk. Diverre oppsto det ein lettare personskade under arbeidet natta til 2.oktober. Ein av entreprenøren sine mannskap måtte innom sjukehus etter eit uhell under rigging frå catwalken. Det viste seg å vera slagskade - og ikkje brot. Vedkomande er venteleg snart tilbake i arbeid.

Planen er at MTHøjgaard skal fullføra løfting av alle dei 23 køyrebane-seksjonane i løpet av oktober.