Ny kraftledning mellom Rød og Bamble

NVE gjev Statnett SF konsesjon til å bygge ein om lag 38 kilometer lang 420 kV kraftleidning frå Rød transformatorstasjon i Skien kommune til nye Bamble transformatorstasjon i Bamble kommune i Telemark.

NVE gjev og løyve å rive om lag 55 km eksisterande 132 kV leidningar og bygging av omlag 18 km med nye 132 kV leidningar. Den nye 420 kV kraftleidningen går i stor grad gjennom skog og i områder med spreidde busetnader, og det er få stader ein kan sjå lengre strekningar av leidningen, melder NVE på sine nettsider.

Ved Dalsbygda skal eksisterande 420 kV leidning flyttast lenger nord til traseen for ny leidning, og eksisterande 420 kV-trasé vil bli frigitt. Leidningen vil krysse gjennom Bamblemarka, som er eit mykje brukt friluftslivsområde, i eit strok der det ikkje går leidningar i dag. Det er ingen bustadhus innanfor ein avstand på 100 meter frå leidningen.

Samla vurderer NVE at leidningen ikkje vil gje vesentlege verknader for naturmangfaldet. Kraftleidningen vil i ikkje røyre ved inngrepsfrie områder eller verneområder, og den vil i liten grad røre ved viktige naturtypar. Fleire 132 kV leidningar som i dag går gjennom registrerte viktige naturtypar vil bli fjerna. NVE har satt vilkår om at det skal utarbeidast ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsarbeida startar.

Nye transformatorstasjonar i Skien og Bamble kommunar legg til rette for ei omfattande omstrukturering av eksisterande regionalnett i området. Konsesjonen inneber at det vert ein samanhengande 420 kV leidning mellom Kristiansand og Skiens-området. Tiltaka som det no vert gjeven konsesjon til, vil bidra å oppretthalde ei sikker og stabil straumforsyning til Grenlands-regionen og til Sør- og Austlandet. Tiltaka vil også i vesentleg grad auke kapasiteten i sentralnettet og legge til rette for ei framtidsretta nettutvikling i Grenlandsområdet.

Omlegging av eksisterande 132 kV leidningar vil etter NVEs vurdering redusere negative verknader av eksisterande leidningar, då fleire av leidningane som no vert fjerna går gjennom områder med busetjing.