Fagingeniør Brann marknadsområde Oslofjord - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

Marknadsområde Oslofjord søkjer etter ein dyktig fagingeniør på fagfeltet Brann. Oppmøtestaden er Sessvollmoen, Horten eller Rygge med heile marknadsområde Oslofjord som arbeidsområde. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar utleigeservice.

Utleigeservice har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat for marknadsområdet, noko som inkluderer å ta seg av eigarrelaterte husleigeplikter og forvaltingsoppgåver.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb

FirmaForsvarsbygg utleie
Fylke
Søknadsfrist10.10.2012

 

 

Utdanningsretning

  • * Bygg og anlegg

        

Kvalifikasjonar

  • * Brannteknisk utdanning på høgskulenivå eller annan likeverdig kompetanse som kan dokumenterast
  • * Erfaring frå fagområdet
  • * Førarkort kl. B
  • * Det må gjerast ei tryggleiksklarering ved tilsetjinga.

 

Vi tilbyr

  • * Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • * Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • * Løn som overingeniør (1087)
  • * Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • * Bedriftshelseteneste
  • * Medlemskap i Statens Pensjonskasse

      

Andre opplysningar

  • * Stillingsbrøk: 100%
  • * Fast
  • * Tal på stillingar: 1

 

 

Kontaktinformasjon:
Pål Reiling Reinholdt Leiar utleigeservice (+47) 901 98 234

 

 

søk her

Vis flere stillinger: