Prosjektleiar vedlikehald - marknadsområde Oslo - Forsvarsbygg utleie

Forsvarsbygg er eit forvaltningsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Forsvarsbygg har som målsetjing å skape ei konkurransedyktig verksemd som kan levere etterspurde tenester innan eigedom, bygg og anlegg til marknadsretta prisar. Forsvarsbygg har Forsvaret som sin største og viktigaste kunde, men er ikkje ein del av Forsvaret sin militære organisasjon.

Forsvarsbygg Utleie er Noregs største eigedomsforvaltar. Gjennom vårt unike nettverk og kompetanse sikrar vi leveransar over helie landet. Vår viktigaste oppgåve er å skapa trivsel for våre brukarar og beboarar.

FirmaForsvarsbygg Utleie
FylkeOslo
Søknadsfrist09.10.2012

Ved marknadsområde Oslo er det ledig stilling som prosjektleiar vedlikehald bygg.
Utleigeservice har ansvaret for eit lønsamt utleigeresultat for marknadsområdet, noko som inkluderer å ta seg av eigarrelaterte husleigeplikter og forvaltingsoppgåver.
Plantenester har ansvar for verdibevarande prosessar, gjennomføring av vedlikehaldsplanen for marknadsområdet, og ivaretaking av Utleige sine krav og interesser i samband med investeringsprosjekt i regi av Forsvarsbygg utvikling.
Me søkjer derfor etter dyktig prosjektleiar til dette arbeidet.

Arbeidsstaden ligg sentralt til i Oslo sentrum.

Det er ei målsetjing for Forsvarsbygg at arbeidsmiljøet vårt skal vere prega av tverrfaglegheit, mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei balansert fordeling på grunnlag av alder, kjønn og etnisitet i verksemda. Vi ynskjer å knyte til oss nye medarbeidarar med personleg og fagleg kompetanse som kan påverke bedriftskulturen positivt.

Forsvarsbygg kjem inn under føresegnene i Offentleglova – jf. særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresidene våre: www.forsvarsbygg.no/jobb


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for gjennomføring av vedlikehaldsplanen for marknadsområdet
  • Planleggje, leie og organisere vedlikehald av bygningstekniske anlegg i samsvar med gjeldande lover og forskrifter
  • Ansvarleg i høve til offentlege styresmakter i bygg- og eigedomssaker
  • Hovudoppgåvene til stillinga:
  • Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, inkludert dokumentasjonsansvar etter budsjett og vedlikehaldsplan
  • Sjå til at økonomiske målsetjingar blir haldne og at alle oppdrag er i samsvar med vedtekne HMS/IK- og samordningsansvar
  • Hjelpe til i investeringsprosjekt og ved LCC-utrekning av husleige
  • Koordinere utføring med driftsservice
  • Generell sakshandsaming

 

Stillinga rapporterer til avdelingsleiar utleigeservice.

 

Kvalifikasjonar

  • Det må gjerast ei tryggleiksklarering ved tilsetjinga.


 Vi tilbyr

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Gode faglege utviklingsmoglegheiter
  • Løn som prosjektleiar (1113) i Statens lønsregulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse

 

 


Kontaktinformasjon:

Pål Rishovd, Leiar utleigeservice - 971 21 114


Søk stilling:

https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1561620166&company_id=148783765&culture_id=NN-NO

Vis flere stillinger: