Kvivsvegen opnar laurdag 22. september

Laurdag 22. september er det offisiell opning av E39 Kvivsvegen. Det er kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som kutter snora.

Den offisielle opninga går føre seg frå kl. 1200, ved fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, om lag midt inne i den 6,5 kilometer lange Kvivstunnelen, meldar Statens vegvesen.

- I tillegg til snorkuttinga vert det korpsmusikk, talar og kulturelle innslag frå både Hornindal og Volda kommunar, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen.

Kvivsvegen knyter saman 60 000 innbyggjarar i Nordfjord og på Søre Sunnmøre til ein større bu- og marknadsregion, og opnar for ferjefri E39 mellom Lote og Festøy. Vegen gir og eit raskare aust/vestsamband mellom Søre-Sunnmøre og Austlandet via riksveg 15 over Strynefjellet.

Kvivsvegen består av vel 17 kilometer ny E39 og av dette er om lag 9,6 kilometer tunnel; Kvivstunnelen – 6 563 meter, Eidsnakktunnelen – 1 627 meter, Fyrdsbergtunnelen – 1 182 meter og Damfosstunnelen – 218 meter. I tillegg har vi blant anna bygd den 144 meter langs Kvivsbrua, 2 900 meter sidevegar og 1 550 meter gang- og sykkelvegar.

Anleggsarbeidet starta i januar 2009, og prosjektet er kostnadsrekna til 1 045 mill. 2008-kr.