Stålkassen til Hardanger

Torsdag 20. september klokka 08.00 vil skipet med stålkasse-seksjonane til Hardangerbrua etter planen vera framme i Eidfjorden.

Skipet har vore undervegs sidan 5. august frå Shanghai. ZHEN HUA 25 kom inn i norske farvatn sist veke, og har hatt ventehamn ved Stavanger sidan helga. Reisen via Suezkanalen har gått etter planen, utan at det har vore naudsynt med naudhamn undervegs, skriver Statens vegvesen i en pressemelding.

Skipet er lasta med heile stålkassen til Hardangerbrua, i tilsaman 23 seksjonar. 18 av desse er 60 meter lange og fem av dei er på 45 meter.

Dei siste vekene har det vore arbeid i bruspennet med hengestangsfeste og deretter hengestengene på Hardangerbrua. Når skipet er forankra kan løfting av seksjonane opp i hengestengene ta til.