Fylkestinget vedtok Nordøyvegen

Fylkestinget i Møre og Romsdal har på ei ekstraordinær samling samrøystes vedteke at Nordøyvegen skal byggjast. Fylkestinget ber om at bompengesøknaden blir lagt fram i desembertinget. Deretter går saka vidare til Vegdirektoratet og endeleg vedtak i Stortinget.

Vedtaket frå fylkestinget lyder:

Fylkestinget legg samferdselsutvalget sitt vedtak til grunn i det vidare arbeidet med bompengesøknad. Tilrådinga lyder:

"Fylkestinget vedtek at Nordøyvegen skal utbyggjast snarast muleg - under føljande føresetnader:

​Fylkestinget vedtek at Nordøyvegen skal utbyggjast basert på eit​kostnadsoverslag på 2,665 mrd. kr. (inkl.mva),med fradrag for​nedskjeringspotensialet på om lag 290 mill. Anbodet skal likevel leggje til rette for at desse tiltaka kan leggast inn igjen i prosjektet om fylkestinget ved endeleg godkjenning finn rom for det.

Kostnader med framtidig vedlikehald og busstilbod skal ikkje leggjast inn som del av prosjektet.

Føresetnadene i finansieringsplana skal følge alternativ 2 i saksframlegget med omsyn til eingongsvekst (40%), årleg trafikkvekst (1,9%) og ​bompengeperiode (30 år).

Det er lagt til grunn rentekompensasjon tilsvarande eit låneopptak på 1,31 mrd. Rentekompensasjonen er basert på flytande rente i Husbanken. Med dette som bakgrunn kan ein leggje til grunn at rentekostnaden på 1,3 mrd vil tilsvare rentekompensasjonen i nedbetalingsperioden. For den øvrige lånegjelda legg ein til grunn 4,5% rente.

​Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift (RDA-midlar) som eventuelt kjem til utbetaling til kommunar/næringsliv i Haram og Sandøy om ordninga​skulle bli forlenga utover 2013, skal gå til betaling av Nordøyveg-​prosjektet.

​Samferdselsutvalet ber fylkesrådmannen oppdatere investeringsanalysa/kontantstrømanalysa i tråd med vedtaket og legge det fram for fylkesutval/fylkesting 27.08.2012.

Fylkestinget ber Plannemnd for samferdselsutbygging følgje opp vedtaket i saka, og syte for at framdrifta vert god.Arbeidet med utarbeiding av bompengesøknad og grunnlag for KS2 skal intensiverast og ferdigstillast før fylkestinget i desember. Eventuelle tilleggsvedtak kan då gjerast på dette tinget, skriv fylkeskommunen på sine heimesider.