Merkedag for Nordøyvegen

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal går inn for at vegprosjektet skal byggast, men mandag blir det politikarane i fylkestinget som skal vedta om ein skal fortsette planlegginga og starte utbygging snarast mogleg.

Siste kostnadsoverslag for vegprosjektet fv. 659 Nordøyvegen er på 2,65 mrd. kroner (2012-kr). I 2009 låg kostnadsoverslaget på 1,8 mrd. kroner, så det har økt i takt med at planlegginga er komme lengre og det har komme fram fleire forhold som har gjort prosjektet dyrare.

Tysdag i førre veke behandla samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune saka. Dei gjorde vedtak om at prosjektet skal gå vidare, det vil seie at ein ekstern kvalitetssikring (KS2) av planane skal gjennomførast og bompengesøknad skal utarbeidast.

Vedtaket i samferdselsutvalet var samrøystes og blir også støtta av SV som ikkje har medlemmer i utvalet.

Fylkesrådmannen gikk i sitt saksframlegg til samferdselsutvalet om fv. 659 Nordøyvegen mot å starte opp prosjektet fordi han meiner at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje har ein økonomi som tåler dette store prosjektet. Men samferdselsutvalet gikk altså inn for å starte opp prosjektet.

I dag skal Nordøyvegen behandlast på ekstraordinært fylkesting i Molde. Det er venta fleire hundre tilhøyrarar frå Nordøyane under fylkestingbehandlinga. Eit positivt vedtak vil nok føre til den reinaste 17. mai-stemninga på Rica Seilet i Molde og ute på øyane i dag.