Ser på motsegner i byggeprosess

Redaktøren i Byggeindustrien skriv her på bygg.no at kommunal- og regionalministeren må gjere noko med motsegnsordninga.

Bakgrunnen er eit oppslag i TV2 om at byggeprosjekt i Bergen blir stogga av motsegner frå ei rekkje statlege styresmakter.

Me er i gong med sjå på korleis motsegner blir brukt av ulike organ. Det er mange omsyn som skal og må takast vare på i areal- og byggjesaker. Motsegnsordninga er viktig for å sikre nasjonale og regionale interesser. Av og til kan slike interesser vere viktigare enn kommunale og private utbyggingsinteresser. Dette må me ikkje gløyme.

Men summen av motsegner kan bli for stor. Difor tar me alvorleg den kritikken som er reist om korleis ordninga fungerer. Det er viktig at motsegnene ikkje overstyrer det lokale sjølvstyret eller forseinkar utbygging i større grad enn naudsynt.

Brukt på riktig måte vil motsegnsordninga også møte større grad av forståing. AsplanViak har no utreda korleis ordninga blir praktisert.

Me skal saman med Miljøverndepartementet no vurdere korleis sikre at ordninga fungerer slik det var tenkt. Det vil me gjere i stortingsmeldinga om bustadpolitikk som kjem etter jul.

Les også

Sponheim stanser boligbygging