Ja til to småkraftverk

NVE har gitt to løyve og to avslag til småkraftverk i Bremanger i Sogn og Fjordane.

NVE har handsama søknader om bygging av fire småkraftverk i Sørgulen i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane fylke. NVE melder på sine nettsider at dei gjev løyve til å bygge to av kraftverka; Oladalselva kraftverk og Mørkedalselva kraftverk med installert effekt på høvesvis 2,6 og 1,6 MW. Kraftverka vil med dei fastsette vilkåra gje ein samla årleg produksjon på omlag 12,8 GWh.

NVE avslår søknadene om løyve til å bygge Maridalalselva kraftverk og Sagedalselva kraftverk på grunnlag av store negative konsekvensar for landskapet i Sørgulen.

Svelgen Kraft AS får løyve til å bygge Oladalselva kraftverk og Mørkedalselva kraftverk. Dei to kraftverka vil gje ein årleg fornybar produksjon på 12,8 GWh. Dette svarar til samla strømforbruk til 640 husstandar. NVE har ikkje gjeve løyve til å bygge Maridalselva kraftverk og Sagedalselva kraftverk.

Med realisering av to av prosjekta med krav om avbøtande tiltak og avslag på søknad om løyve til bygging av Maridalselva kraftverk og Sagedalselva kraftverk, meiner NVE at dei samla verknadene av utbyggingane er akseptable.

Oladalselva kraftverk

Oladalselva kraftverk får installert effekt på 2,6 MW og ein årsproduksjon på omlag 8,2 GWh. Kraftverket tillatast med ei regulering på 0,4 m i Oladalsvatnet og ei flytting av kraftverket noko lenger opp i Oladalselva. NVE har sette krav om omlaupsordning i kraftverket av omsyn til anadrom fisk og krav om minstevassføring heile året.

Mørkedalselva kraftverk

Mørkedalselva kraftverk får installert effekt på 1,6 MW og ein årsproduksjon på omlag 4,6 GWh. Kraftverket tillatast utan regulering av Mørkedalsvatnet og flytting av inntaket lenger ned i elva. NVE har sette krav om minstevassføring heile året.

Maridalselva kraftverk

Avslag til Maridalselva kraftverk vert gjeve på bakgrunn av dei samla ulempene for landskapet som følgje av fraføring av vann på utbyggingsstrekninga og store terrenginngrep i det opne naturlandskapet.

Sagedalselva kraftverk

Avslag til Sagedalselva kraftverk vert gjeve på bakgrunn av dei samla ulempene for landskapet som følgje av dei store inngrepa i forbindelse med etablering av inntaksdam og røyrgate i dagen i et sårbart høyfjellsområde.