NCC fekk kontrakt på fv. 60 Agjeldtunnelen

Før ferien signerte Statens vegvesen kontrakt med NCC Construction AS om bygging av Agjeldtunnelen. No har det vært Samhandlingsmøte i Loen, skriv vegvesen.no

Kontraktsummen var på 109,1 millionar kroner.

I byrjinga av august hadde Vegvesenet og NCC samhandlingsmøte. Dette er ein del av planlegginga før oppstart av kontrakt. Møtet gjekk over tre dagar i Loen og føremålet er å legge føringar for samarbeid mellom partane og bli kjend med kvarandre. Stikkord er felles forståelse av kontrakt, HMS og kvalitet.

Frå Vegvesenet deltok 9 representantar, 5 frå NCC og 2 frå underentreprenør Volda Maskin AS, nokre av deltakarane deltok berre på dag ein.

Tysdag etter lunsj var det utflukt med spasertur til Briksdalsbreen og middag ved Yrineset ved Loenvatnet.

- Møtet var nyttig for begge partar og det gir eit godt grunnlag for vidare samarbeid, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp.

Framdrift
NCC starta arbeid med forskjæring i vest 6. august. Det er behov for meir sprenging før tunneldriving kan starte. Planlagt oppstart for tunnel er veke 34. Ferdigstillelse for kontrakt med NCC er 1. september 2014.
Elektrokontrakt vil bli lyst ut som eigen entreprise i 2013.