Stor aktivitet på Eikåstunnelen

Arbeidet med Eikåstunnelen urenfor Bergen er godt i gang – både frå nord- og sørsida.

Entreprenøren Implenia har starta med å sprenge tunnelen frå nordsida. Dette arbeidet vil vare i rundt eit halvt år. Alle massane frå tunnelsprenginga skal nyttast i vegen.

– Vest for E39 er vi i gang med ei mellombels omlegging av høgspentkablar og vassleidning, slik at entreprenøren kan jobbe fritt med å etablere sedimentasjonsbasseng og vegar, fortel byggjeleiar Katrine Sælensminde Erstad i Statens vegvesen. I bassenget blir vatnet frå tunnelarbeidet filtrert før det blir ført over i Indre Kipevatn og Langavatnet.

Det skal gå tre bruer over Haukåselva. Brua som ligg lengst mot aust, er ferdig støypt. Denne vil bli bru for framtidig lokalveg til motorsportsenteret og Åsane Sand og Singel.

Haukåskrysset
Entreprenøren er og i gang med å byggje Haukåskrysset som vil stå ferdig seinhaustes. Her skal det settast ned ein undergang for fotgjengarar og lyskrysset skal flyttast litt mot vest.

Trafikkomlegging før jul
– Før jul vil trafikken på nordsida av Eikåstunnelen bli lagt over på den nye brua, slik at vi kan starte med å byggje dei to andre bruene over Haukåselva, fortel Sælensminde Erstad.

Kva skjer på sørsida av Eikåstunnelen?
– I Vågsbotn er vi nesten ferdig med å skifte ut massar i myra på begge sider av E39. Her var myra opp til 7 meter djup, så det er mykje massar som er bytt ut.

– Påhugget til tunnelen på sørsida er snart ferdig. Når det er klart vil vi starte med å støype portalane her. Portalane på sørsida vil bli ca. 100 meter lange, fortel byggjeleiaren.

Midlertidig rundkøyring
– Vi vurderer å etablere ei midlertidig rundkøyring omtrent der Hjelles bakeri låg tidlegare. Dette vil betre trafikkflyten inn og ut av anleggsområdet og betre trafikktryggleiken i området, seier Sælensminde Erstad.

Ho ber folk om at dei ser seg godt føre når dei køyrer forbi anleggsområdet og held fartsgrensene som anvist.