Fylkesveg 60 i Nordfjord stengd etter ras

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik opnar tidlegast tysdag, etter at det rasa store steinblokker ned i vegen måndag føremiddag, skriv vegvesen.no.

- Det er fare for at det kan rase ned fleire steinar, difor held vi vegen stengd, seier byggeleiar Terje Samuelsen i Statens vegvesen.

Raset skjedde rundt klokka 9 måndag ved Ugla i Stryn kommune.

Ny vurdering tysdag

Ein geolog frå Statens vegvesen har vore på rasstaden måndag. Han har sett at det ligg fleire lause steinar i området der dei andre steinane løsna og fell ned frå.

Eit klatrelag er no i gang å reinske vekk dei lause steinane.

- Vi gjer ei ny vurdering av rasområdet tysdag ettermiddag. Då ser vi kor langt vi er komen med reinskearbeidet – og om det er trygt nok til at vi kan opne vegen att for trafikk.

Anbefalt omkøyring er via Nordfjordeid og ferjesambandet Anda-Lote på E39.