Elektroarbeid stengjer Austmannalitunnelen

Trafikantar som skal over E134 Haukeli må pårekne noko ventetid ved Austmannalitunnelen på Haukelifjell. Oppgradering av det elektriske anlegget og sikringsutstyret skal gjere tunnelen tryggare.

Medan arbeidet pågår inne i tunnelen, vert trafikken leia i kolonne om den spektakulære gamlevegen i Austmannalia, melder vegvesen.no.

Hausten 2009 knuste eit stort steinras deler av den nedste portalen på Austmannalitunnelen, og tunnelen vart tidvis stengd i fleire månader. Samstundes med at området rundt tunnelmunningen vart sikra, vart det også utført arbeid inne i tunnelen, mellom anna fjellsikring, ny vass- og frostsikring.

No er det det elektriske anlegget og sikringsutstyret som treng ei oppgradering.

- Det skal installerast nytt lyssystem, naudskap, radioutstyr og vifter. Nytt naudutstyr skal sikre l overvaking av tunnelen. Om eit uhell skulle oppstå inne i tunnelen kan ein gi beskjed direkte til Vegtrafikksentralen(VTS) via naudtelefonane , fortel byggjeleiar Olav Svendsen.

Austmannalitunnelen vert også nytta til oppstilling for kolonnekøyring om vinteren. For dei som må vente i kø for å komme over fjellet er det nok ekstra kjekt at det no kjem eit nytt toalettbygg inne i tunnelen.

For nokre ekstra lange køyrety kan det by på problem å komme seg igjennom dei bratte svingane i Austmannalia.

- Spesialtransport vil få løyve til å køyre gjennom tunnelen med ledebil. Ved eventuelt problem i omkøyringsvegen vil trafikken bli leia gjennom tunnelen, seier Svendsen.

Arbeidet i tunnelen vil gå fram til desember i år.