Kabelspinninga snart ferdig på Hardangerbrua

I løpet av veke 29, eller kring 20. juli, ser det ut for at kabelspinninga på Hardangerbrua kan vera ferdig.

Spinnearbeidet tok til 7. november 2011. Det gjekk drøye sju månader før ein var halvvegs. Årsaka var dels jule-besøket av Dagmar på Vestlandet, som ga ein vinterpause i arbeidet. Men andre halvparten av kabelspinninga har gått radig, slik at entreprenpør MTHøjgaard ser ut til å få gjort andre halvparten av kabel-jobben på berre to månader, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

Kompaktering av kablane
Når spinnemaskina stilner på Bu er det klart for kompaktering – eller samanpressing – av dei 38 delkablane til to buntar, med 19 delkablar i kvar bunt. Det er tre kompakteringsmaskiner som skal brukast til denne oppgåva. Maskinene blir løfta opp i brutårna, og kompaktering vil pågå både i sidespennet og hovudspennet på båe kablane.

Hengestengar
Når kabelen er kompaktert i to runde buntar, skal det monterast kabelklemmar og hengestangsfeste. Dette er delar som også blir løfta opp i brutårna, og frakta ut i spennet med taubane. Det skal monterast hengestangsfeste til kvar av dei 130 hengestengane.

Montering av hengestengar er neste operasjon. Dei aller fleste stengane er leverte i tromlar eller kveil frå Frankrike. Stengane skal heisast direkte opp frå ei arbeidsferje som seglar på fjorden under bruspennet. Hengestengane blir monterte i hengestangsfesta på kablane.

Ferdiggjeringa av brukablane – med avsluttande montasje av hengestengar – vil pågå i kring to månader, heile august og det meste av september.

Når vi skriv oktober vil skipet med dei 23 stålkasse-seksjonane vera på plass i Hardanger, og bli heiste opp og festa i hengestengane ein for ein i løpet av ein månads tid.