I gang med rekord-portal til Hardangerbrua

Arbeidet med bygging av den høge tunnelportalen til Hardangerbrua i Vallavik er godt i gang, og skal vera ferdig ut på hausten 2012.

Veidekke har som kjent entreprisen for betongarbeidet på prosjektet. Tyngda her har vore brutårna, som var ferdige i mai 2011. I tilegg til tunnelportalen i Vallavik står det også att legging av lok på spreiekamra på båe sider av fjorden, som skal byggjast første halvår 2013, melder vegvesen.no.

Høgast i verda
Den nye armen av Vallaviktunnelen fram til brua stig frå 6 meter til heile 23 meter på dei siste 100 metrane fram mot munninga ved brua. Med dette snakkar vi truleg om den høgaste vegtunnel-munninga som er bygt nokonsinne. Portalen vil strekkja seg fram eit stykke på den 25 meter lange viadukten mot brutårnet i Vallavik. Portalen skal formast som ein trompet, og stig til kring 25 meter over køyrebana til Hardangerbrua.

Den tilsvarande tunnelportalen på Bu er på 15 meters høgde. Her er viadukten 45 meter lang.

Seks tunnel-munningar
Det vil vera tilsaman 6 tunnelmunningar på nyanlegget når Hardangerbrua blir opna i 2013. Fire av desse er på hovudvegen for biltrafikk og to tunnelar er for gang- og sykkeltrafikk. Veidekke har ansvaret for bygging av dei to høge portalane fram mot brua, medan dei øvrige 4 munningane er ein del av veg- og tunnel-entreprisen til AF Gruppen.
Fem av munningane er ferdig støypte, medan den siste og største no altså er under bygging i Vallavik.

Det blir tilsaman 18-19 støype-operasjonar her. Støypinga skjer etappevis, med tre meters høgde på kvar del. Det betyr at kvar vegg blir bygd i 7 etappar.