Løyve til ny kraftleidning i Sogn og Fjordane

NVE gjev SFE Nett AS løyve til byggje ein ny 132 kV kraftleidning på ca. 13,7 km mellom Åskåra kraftverk og Kroknakken i kommunane Bremanger og Eid i Sogn og Fjordane.

NVE gjev også SFE Nett konsesjon til å byggje ein ny transformatorstasjon i Øksenelvane på omlag 3,5 daa, og til ein utviding i den kommande Ålfoten transformatorstasjon. Kraftleidningen vil legge til rette for ein opprydning i det eksisterande nettet i området, til auka produksjon av kraft, og er eit ledd i overgang til 132 kV systemspenning i regionen.

NVE vurderer miljøverknadane av tiltaket til å vere akseptable då det skal rivast meir kraftleidning enn det skal byggast nytt. Hovudsakeleg vil det rivast kraftleidning nær der folk bur i Ålfotenområdet. I tillegg skal tre fjordspenn erstattast av eit nytt. Den nye kraftleidningen vil for det meste gå i trasear der det er kraftleidningar i dag, og NVE meiner det vil vere god bakgrunnsdekning for leidningen i skog og fjell. For å kamuflere leidningen sett NVE vilkår om at den skal byggast med målte master og matta liner.

Kraftleidningen vil krysse eit område med den raudlista arten fossegrimemose. NVE har vurdert at mastepunkta ikkje vil kome i konflikt med mosen. Etableringa av ein ny transformatorstasjon i Øksenelvane vil bli eit synleg inngrep. Ingen bustader vil få elektromagnetiske felt over anbefalt utgreiingsgrense.

NVE krev at SFE Nett skal utarbeide ein miljø-, transport- og anleggsplan som skal godkjennast av NVE før anleggsstart. Planen inneber blant anna at bygging av leidningen i område med fossegrimemose skal gjerast varsamt, og det vert sett krav om skånsam skogrydding.

Leidningen skal i all hovudsak byggast med stålmaster og glasisolatorar i I-oppheng.

NVE har etter ein samla vurdering funne at dei samfunnsmessige fordelane ved anlegget utan tvil er større enn ulempene. NVE vil av denne grunn også gje SFE Nett AS ekspropriasjonsløyve for anlegga.