Prosjektleiar utvikling region vest, Stavanger - Forsvarsbygg utvikling

Forsvarsbygg Utvikling er leverandør av infrastruktur, bygg og anlegg til Forsvaret si verksemd. Aukande oppdragsmengde i region Vest gjer at vi treng fleire medarbeidarar med vid røynsle, både innan prosjektutvikling, planlegging og gjennomføring. Region Vest dekkjer områda frå Agder i sør til Sogn og Fjordane i nord med kontor i Stavanger og Bergen.

Til å leie eit eller fleire spanande og utfordrande prosjekt, søkjer Forsvarsbygg utvikling Vest prosjektleiar med høg kompetanse innan fagområdet.

Stillinga er lokalisert til Stavanger.

Forsvarsbygg har som målsetjing at arbeidsmiljøet vårt skal vere tverrfageleg, og prega av mangfald og likestilling. Vi ynskjer difor ei verksemd der tilsette sin alder, kjønn og etnisitet er balansert. Vi ynskjer å knyta til oss nye medarbeidarar som kan påverka bedriftskulturen positivt gjennom sin personlege og faglege kompetanse.

Forsvarsbygg er underlagt Offentleglova – jfr særskilt Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår www.forsvarsbygg.no/jobb.

FirmaForsvarsbygg utvikling
FylkeRogaland
SøknadsfristSnarest

 


Utdanningsretning

  • Bygg og anlegg

        

Kvalifikasjonar

  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

        

Språk

  • Norsk



 Vi tilbyr

  • Høve til god fagleg og personleg utvikling
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit levende og utviklande miljø
  • Løn som overingeniør/senioringeniør (kode 1087/1181)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

        

Andre opplysningar

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Reiseaktivitet: Om lag 50 reisedagar
  • Fast
  • Tal på stillingar: 1


Kontaktinformasjon:
Bjørn Tore Rognstad Regionsjef 905 65 354
Reidar Bringedal Områdeleiar 911 67 566

 

Lenkje til søk på stillinga: https://www.webcruiter.no/wcmain/CvJobRespond1.aspx?oppdragsnr=1451641829&company_id=148783773&culture_id=NN-NO

 

Vis flere stillinger: