Enklare å innlemme dotteraksjeselskap i bustadbyggjelag

- Frå 1. juli blir det enklare for bustadbyggjelaga å organisere seg slik dei sjølve meiner er mest føremålstenleg. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Stortinget har vedteke ei ny føresegn i bustadbyggjelagslova. Føresegna gjer det mogeleg å innlemme heileigde dotteraksjeselskap i bustadbyggjelaget. Det vil spare laga for dokumentavgift og tinglysningsgebyr.

Tidlegare måtte bustadbyggjelag som ynskte å innlemme heileigde dotteraksjeselskap i verksemda si, avvikle dotterselskapet før verdiane i selskapet kunne overførast til bustadbyggjelaget.

- Dette har vore ressurskrevjande og fordyrande. Ulempene har vore så store at bustadbyggjelag ikkje har organisert seg på best teneleg måte. Eg er glad for at vi no har fått retta opp dette, seier Navarsete.