Vangstunnelen halvvegs

Tunnelgjengen ét seg innover i fjellet og no er dei halvvegs til Ringheim.

Tunnelen har passert Mølster og nærmar seg Hagahaugen. Sjølve tunnelen vil gå rett under Hagahaugen, og her er avstanden opp til bakkenivå om lag 180 meter med fjell, melder vegvesen.no.

Heile Vangstunnelen vert like lang som Galdhøgpiggen er høg – det er lett å hugse. – Det går godt, seier byggeleiar Bjarne Løne, og vi er i rute.

Fylling i Vangsvatnet
Om lag 15.000 kubikkmeter tunnelstein er til no plassert frå Fleicher’s motell til Voss kulturhus i høve den kommunale strandplanen. Utanfor Svartenakken må det fyllast ut meir for å få plass til vil ny kommunal veg . 1000 kubikkmeter tunnelmassar i døgeret vert fordelt.

Fylling i Vangsvatnet er krevjande både med omsyn til miljø og tryggleik. For å arbeide sikkert og få ei stabil fylling må blaute massar fortrengjast. Dette skjer mellom anna ved at det vert slått ned lange stålrøyr i dei blaute laga. Deretter vert røyra lada med sprengstoff og små salver fyrt av. Å fylle massar på dårleg grunn er like lite eigna under vatn som på land - der det er myr eller leire, dersom ein ønskjer å få eit stabilt underlag for t.d. veg.

Fyllinga og arbeidet ikring vert nøye overvaka med ulike metodar for å sikre tryggleiken for både folk og fauna.

Restarbeid på rv. 13
Da delprosjekta Øvre Granvin-Voss grense med Tunsbergtunnelen og Mønshaug –Palmafoss opna 20. desember i fjor, sto det att ein del restarbeid. På denne årstida var det mellom anna uråd å plante og så grasfrø der det skulle vere grøntanlegg på sidene av vegen.

Dette arbeidet samt planering og stell av område med massedeponi vert utført no i sommar.

«Full guffe» på E16
Vi kan no få eit inntrykk av korleis nybrua som skal krysse E16 ved Seim kjem til å bli. Her er pilarane ferdig støypte og arbeidet med forskaling og armering i gang. Det er dårlege grunnforhold også her, brua er difor fundamentert til fjell med lange stålkjernepelar. Desse er bora inn i fjellet.
Brua blir 152 meter lang og står på 6 søyler i tillegg til landkar.

Tunnelen går jamt og trutt, dei siste vekene har det vore ei framdrift på 57 meter i veka, trass feriedagane i mai.

Ved utløpet av Vangstunnelen på Ringheim, er gråsteinsmurane som skil ny og utvida E16 frå Lundarvatnet ferdige. –Steinen har vi fått frå skytebanen på Skjervet, fortel byggeleiar Løne. Omlegging av høgspent, vatn- og kloakkleidningar er i gang.

Det står att å sprengje siste salve på tunnelinngangen på Ringheim. I den siste salva er det bora tett kontur for å få ei finare fjelloverflate.

21. juni vil det verte arrangert eit ope møte om kryssløysinga på Stanghelle i Vaksdal. Møtet vert annonsert i lokalpressa.

Travel tid
- Vi er inne i ein svert hektisk og utfordrande periode, seier prosjektleiar Lars Magnar Røneid. Det er arbeid langs E16 heile vegen mellom Svartenakken og Lydvo, der prosjektet startar. Trafikkregulering er naudsynt, og med tanke på dei store arrangementa på Voss i sommar, til dømes Voss cup og Landsskyttarstemnet, vert trafikkavviklinga ekstra utfordrande i år. Han har difor vore i møte med dei ulike arrangementskomiteane der dei skal finne så gode løysingar som råd er.

-Vitsen er at både vi, arrangøren og dei som kjem reisande til Voss i sommar er førebudde på at det kan vere ekstra køar og kaos, seier Røneid.

Sommarferie
I vekene 28-30 vert det stille i anleggsområdet. Da skal gengen ha vel fortent sommarferie. Og Vossapakko med E16 Vangstunnelen er i rute.