Kvite tunnelveggar på E16

Fleire av tunnelane på E16 mellom Trengereid og Voss er no kvitkalka. Dette er eit av tiltaka som skal vere med å redusere ulukkene på strekninga.

- Kvitmåling av tunnelar gir ein lysare tunnelvegg som betre reflekterer lys og ein mjukare overgang mellom tunnel og dagslys. Dette kan minske risikoen for møteulukker, fortel Rønnaug Nesheim, byggeleiar i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Det har vore ei urovekkjande utvikling i talet alvorlege ulukker på E16 mellom Trengereid og Voss dei siste åra. Mellom januar og november 2011 mista 7 personar livet i trafikkulykker på denne strekninga.

Statens vegvesen la i november fram ein rapport som mellom anna omfattar 21 kortsiktige tiltak som skal motverke og få ned skadeomfanget i dei alvorlege ulykkene. Kvitkalking av tunnelar var eitt av tiltaka for å redusere risikoen for ulukker som følgje av dårleg eller ujamn vegstandard.

No er 17 av dei 26 tunnelane på strekninga måla kvite innvendig, noko som vil dempe overgangen mellom tunnelmørket og dagslyset. Det er også gjort utbetring av sideterrenget på delar av strekninga, der det er bygd fleire meter nytt rekkverk.