Stengd veg etter funn av gammalt sprengstoff

E39 mellom Åsane og Knarvik blir stengd i periodar på nattetid frå neste veke. Bakgrunnen er funn av gammalt, udetonert sprengstoff gjort i samband med det pågåande anleggsarbeidet.

Stengingane byrjar enten natt til onsdag 23. mai eller natt til torsdag 24. mai - og skjer mellom klokka 23.00 og 05.00. Kvar stenging varer opptil 30 minutt. Trafikken blir slept forbi mellom stengingane. Det er stor fare for kø i periodane vegen er stengd, melder vegesen.no.

I nordgåande retning blir E39 stengd ved Vikaleitet; i sørgåande retning blir vegen stengd nær Haukåskrysset. Det er førebels uvisst kor lang tid nattestengingane kjem til å vare, men truleg minst to veker.

Fann 1 kilo dynamitt
Bakgrunnen stenginga er funn av udetonert sprengstoff som vart gjort i samband med det pågåande anleggsarbeidet på E39 Vågsbotn-Hylkje.

- Under gravearbeid vart det oppdaga 1 kilo med dynamitt. Funnet vart gjort mellom Vikaleitet og Haukås næringspark, i området der inngangen til Eikåstunnelen på nordsida kjem, seier byggeleiar Katrine Sælensminde Erstad i Statens vegvesen.

Det udetonerte sprengstoffet vart spylt og destruert og bringa til eit sikkert mottak. Området der funnet vart gjort, vart umiddelbart stengd og sikra. Arbeidet her stoppa, elles har anleggsarbeidet med E39 Vågsbotn-Hylkje heldt fram som vanleg.

Førebels usikkert om det er meir
Sprengstoffekspertar og sprengingsbasen til entreprenøren har saman med Statens vegvesen gjort synfaringar og risikovurderingar av området der funnet vart gjort. Det er førebels usikkert om det finst meir sprengstoff i området.

- Vi må grave forsiktig vidare akkurat i dette området, fordi det er usikkert om det finst meir sprengstoff. Viss vi finn meir, må vi spyle og destruere det, seier Erstad.

- Dette arbeidet skjer så nær E39 at vi tek alle forholdsreglar og stengjer vegen medan det pågår. Det er for tidleg å seie nøyaktig kor lang tid arbeidet vil ta, men vi stengjer om natta fordi det er langt mindre trafikk då enn elles i døgnet.

Ifølgje Erstad veit ein ikkje kvar sprengstoffet stammar frå, men antar at det kan vere rundt 30-40 år gammalt.

- Uansett er det Statens vegvesen som «eig problemet» no, sidan vi har kjøpt og eig grunnen sprengstoffet vart funne på.