Nytt tinghus i Molde under prosjektering

I juni ferdigstiller Statsbygg skisseprosjektet for eit nytt tinghus i Molde.

Tinghuset er planlagt oppført på «tinghustomta», Gotfred Lies plass 4, som ligg flott til ved sjøen. Hovudfasaden på tinghuset skal vende mot sjøen for å få maksimal utnytting av tomtearealet i tillegg til at bygget utnyttar dei gode lysforholda og utsikta på tomta. Eit nytt Molde tinghus skal uttrykkje verdigheita til domstolane og vere ein markert og lett gjenkjenneleg bygning i byen.

Det nye tinghuset er planlagt for å samlokalisere og skape funksjonelle, tidsriktige lokale til domstolane i Molde. Tinghuset skal romme kontor og rettssalar for Romsdal tingrett, Frostating lagmannsrett, Romsdal jordskifterett og Frostating jordskifte overrett.

Betre kapasitet og sikkerheit
Det planlagde tinghuset skal vere godt tilrettelagt for både publikum og tilsette. Rettssalane skal plasserast i dei to første etasjane, og heile bygget får universell utforming. Det blir òg fleire og større rettssalar enn i dag for å kunne handtere auka pågang av rettssaker. I tillegg skal det nye tinghuset tilfredsstille dagens krav til sikkerheit for tilsette og brukarar, med ei indre sone for tilsette, ei ytre sone for publikum og ei eiga politisone direkte knytt til venteceller og to av rettssalane.

Fornøgde brukarar
Det har gjennom heile skisseprosjektet vore god dialog mellom brukarane, Domstoladministrasjonen, Longva arkitekter AS og Statsbygg.

– Alle tinghusbrukarar i Romsdal og vi sjølve ser verkeleg fram til at det snart skal komme eit nytt og tenleg tinghus i Molde – endeleg! Molde kommune og Domstoladministrasjonen har lagt eit bra grunnlag, og Statsbygg og arkitekt gjer for tida ein kjempejobb for at dette no skal kunne bli verkelegheit. Vi føler òg at vi har dei lokale stortingspolitikarane våre på lag for å få til dette, seier Magne Nerland, sorenskrivar i Romsdal tingrett.

Passivhusnivå
Molde tinghus er planlagt for eit energibehov som tilfredsstiller passivhusnivå. For å følgje opp dette er det mellom anna sett krav til maksimum vindaugsareal i fasadar og til isolasjonstjukn. I tillegg er det planlagt å installere ei sjøvassvarmepumpe i bygget.

Framdrift
Foreløpig er det løyvd pengar til ferdigstilling av forprosjektet. Forprosjektet skal etter planen ferdigstillast i oktober 2012. Tidlegast oppstart av detaljprosjekt for eit nytt tinghus er i 2014, men dette er avhengig av løyving av midlar over statsbudsjettet for same året.