Hardangerbru-kassen ferdig i Kina

Stålkassen til Hardangerbrua er ferdig ved verkstaden i Shanghai. Berre inspeksjonar og sluttkontroll av dei siste seksjonane står att.

Hovudspennet på Hardangerbrua er på 1310 meter. Med ein meter med fuger ved kvart brutårn blir stålkassen 1308 meter lang. Den blir sett saman av 23 seksjonar, som er bygde ved Zhenhua Port Machinery Corporation (ZPMC) i Shanghai. 18 av seksjonane er 60 meter lange, medan 5 seksjonar er kring 45 meter, skriv vegvesen.no.

Kvar av dei lengste seksjonane veg i underkant av 400 tonn. Dei er bygde saman av fem mindre seksjonar på 12 meters lengde. Toppdekket på stålkassen er 14,5 meter breidt. Kvar køyrebane er på 4,5 meter, medan gang- og sykkelvegen er på 3,25 meter. Totalvekta på den ferdig stålkasen er knappe 8000 tonn.

Seksjonane er ferdig malte, med ein oransje farge på øvre delen av utsida. Undersiden er dekka av ein turkis farge, det same er ledeskovlane som skal stabilisere brukassen under særskilte vindtilhøve.

Alle dei 23 seksjonane blir lasta opp i eitt skip, som seglar til Hardanger i løpet av sommaren. Seglingstida er rekna til kring to månader. Brukassane blir heiste opp i hovudspennet når kablane med hengestangshovud og hengestengar er ferdige.