Navarsete vil ha bustadinnspel frå folk flest

- Eg har fått mange innspel til bustadpolitikken frå ulike aktørar i bustadmarknaden. No vil eg høyre kva folk flest meiner må til for at dei skal bu trygt og godt, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

På nettstaden blogg.regjeringen.no/boliginnspill, kan alle kome med innspel til ei ny stortingsmelding om bustadpolitikken.

- Eg vil vite kva folk flest meiner er ein god bustad. Eg ønskjer også historiar om korleis folk kom seg inn på bustadmarknaden. Nokon har kanskje kreative løysingar andre kan lære av. Eg er også interessert i kva erfaringar folk har med leigemarknaden, seier Navarsete.

Kommunar, organisasjonar, byggjenæringa og andre aktørar har allereie kome med innspel. Eit offentleg utval har òg gjeve råd i NOU 2011:15 Rom for alle.