Langstenging på E16 til hausten

På grunn av utfordrande sprengingsarbeid ved Smedalsosen i Lærdal må Statens vegvesen stengje E16 for all trafikk på vekedagane i sju veker.

I samband med bygginga av ny E16 mellom Smedalsosen og Borlaug skal vegen utvidast nokre stader. På ei av desse strekningane ligg vegen på ein mur over elva Smedøla, med eit 30 meter bratt fjellparti, ei skjering, på motsett side, melder vegvesen.no.

For å utvide vegen må denne sprengjast vekk. Dette er eit vanskeleg arbeid, og det er ikkje mogleg å ha E16 open for trafikk medan det pågår. Det vil også ta lang tid å sikre skjeringane før trafikken kan setjast på.

Ved å stenge vegen i ein lengre periode kan arbeidet utførast på kortare tid, og det vil bli lettare for entreprenøren å ivareta tryggleiken for arbeidarar og trafikantar.

For å få tilstrekkeleg lange arbeidsperiodar vert vegen stengd frå måndag klokka 07.00 til fredag klokka 14.00, frå 20.august til 12.oktober.

Omkøyring vil vere rv.52 over Hemsedal eller fv.53 Tyin-Årdal.

Stenginga er lagt til seinsommar/haust for å ikkje ramme turisttrafikken for sterkt. Arbeidet må også vere ferdig før vinteren, fordi E16 over Filefjell til tider er einaste farbare veg mellom aust- og vestlandet.

Brukarane av vegen; ruteselskap, lastebilnæring, politiet og bilbergingsselskapa har delteke på orienteringsmøte om vegbygginga og ulemper i samband med vegstenging. Dei har også fått høve til å kome med innspel.

- Vi veit at dette vil bli ei utfordring for transportnæringa, ruteselskapa, reiselivsnæringa og dei som har dette som fast reisestrekning i arbeid og fritid. Men det må bli verre før det blir betre, seier Oddvin Ylvisaker, prosjektleiar for E16 Filefjell.

Trafikantane vil bli informert om stenginga og omkøyringsruter via skilt på Hønefoss, Fagernes, Tyinkrysset, Borlaugkrysset, Håbakken og Fodnes ferjekai.