Meir til rassikring i Balestrand

Fylkestinget i Sogn og Fjordane aukar løyvinga til rassikring i Balestrand med 16 millionar kroner.

Fylkestinget aukar ramma til rassikringsprosjektet Algøya langs fv. 152 mellom Ulvestad og Menes i Balestrand kommune. Det skal byggjast ein kort tunnel forbi raspunktet.

Algøya skulle eigentleg sikrast med eit rasoverbygg, men Statens vegvesen har konkludert med at dette ikkje er mogleg. Fylkestinget måtte difor ta stilling til kva som skal gjerast med vegen i møtet 17. april.

Overførte midlar frå Veitastrond
Fylkestinget følgde tilrådinga frå fleirtalet i fylkesutvalet, og vedtok at det skal byggjast ein kort tunnel forbi raspunktet. Denne skal nyttast i periodar der vegen er rasutsett, eksisterande veg skal nyttast resten av året.

Ramma til rassikringsprosjektet vert auka med 16 millionar kroner for å få på plass tunnelen. Fylkestinget overførte midlane frå rassikringsprosjektet fv. 337 Bjødnabakken mellom Veitastrond og Hafslo.

Fylkestinget vedtok dette med 28 mot 11 røyster. Representantane til FrP og Høgre fremja framlegg om at rassikringsprosjektet på Algøya skulle utsetjast og vurderast på nytt i sambandet med Regional transportplan 2014–2017 (23). Dette framlegget fekk 11 røyster og falt.