Tilrår løyve til bygging av Rosten kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Oppland Energi AS løyve til å bygge Rosten kraftverk i Gudbrandsdalslågen i kommunane Sel og Dovre.

NVE si tilråding legg til grunn ei justert utbyggingsløysing der kraftverket vert plassert ovanfor viktige gyte- og oppvekstområde for harr og aure slik at desse ikkje vert negativt påverka. NVE meiner vidare at planlagt inntak av sideelva Fagerliåe bør sløyfast av omsyn til ein høgt prioritert naturtype.

NVE legg i si samla vurdering vekt på at kraftverket med den anbefalte utbyggingsløysinga vil produsere 177 GWh fornybar kraft årleg, noko som tilsvarar straumforbruket til omlag 8500 husstandar, samstundes som dei negative verknadene vert relativt avgrensa. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette vilkår til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kraftverket er planlagt knyta til straumnettet via ny 132 kV kraftleidning til Vågåmo transformatorstasjon. NVE sine vurderingar av søknaden om bygging av leidningen er lagt ved tilrådinga til Rosten kraftverk. Av det vedlagte notatet går det fram at NVE meiner leidningen bør byggjast i høve til traséalternativ 2 som går over Tordkampen.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Rosten kraftverk.