Alvorleg for vegane i Møre og Romsdal

Enkelte asfaltvegar kan etter kvart bli grusvegar og det kan bli nedsett aksellast på bruer. Det kan bli konsekvensen om ikkje løyvingane til drift og vedlikehald av vegane i Møre og Romsdal aukar betydeleg, skriv vegvesen.no.

Vinteren har vore hard mot vegane i fylket. Statens vegvesen ser skader som er mykje verre enn det ein kan forvente etter erfaringar frå tidlegare år.

- Skadane kjem på nye stader og er meir alvorlege enn vi forventa. Vi ser at forfallet akselererer i høve til kva vi har sett tidlegare år. Det som skjer med vegane om ikkje vedlikehaldet aukar, er alvorleg, seier seksjonsleiar Ivar Hol i Statens vegvesen.

Grusveg

Med dagens løyvingar til asfalt, vil det i gjennomsnitt bli lagt ny asfalt på ein fylkesveg kvart 60. år. Eit asfaltdekke på fylkesveg har ei levetid på mellom 10 og 12 år, avhengig av trafikkmengde. På riks- og europavegane er det med dagens løyvingar pengar til å legge ny asfalt kvart tiande år. Levetida på asfalten på ein riksveg er om lag åtte år, fordi trafikken er større.

- Dette vil trafikantane i Møre og Romsdal merke. I verste fall må vi om nokre år måtte skrape av asfaltdekket på dei dårlegaste vegane og gå tilbake til grus, seier Hol.

Drenering

Han peiker òg på eit stort behov for midlar til å skifte ut stikkrenner av stål.

- Vi treng å skifte 2700 slike stikkrenner fram mot 2020. 700 av desse er på riksveg, mens om lag 2000 er på fylkesveg. Den årlege kostnaden for dette vil vere opp mot 60 millionar kroner, fortel han. Vegar kan i verste fall bryte heilt saman om det ikkje stikkrennene i vegen er gode nok.

Bruer

Møre og Romsdal er eit av fylka i landet med flest bruer. Desse er utsette for vêr og vind og korrosjon som ein følgje av salt frå havet. Mange av bruene i fylket merker no alderen. Ein konsekvens kan bli at Statens vegvesen må sette ned tillatt aksellast på fleire bruer. Resultatet kan bli at vogntoga må køyre halvfulle for å vere under vektgrensa for kva som er forsvarleg over bruene. Dette gir meir tungtrafikk og også høgare transportkostnadar for bedriftene.

Transportetatane understrekar klart behovet for ein auke i midlar til drift og vedlikehald av riks- og fylkesvegar i forslaget sitt til Nasjonal transportplan 2014-2023.

- Vi er spente på korleis forslaga våre no blir følgt opp, seier Hol.