Vegdirektøren på HMS-synfaring til Hardangerbrua

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regionvegsjef Helge Eidsnes var i går ettermiddag på HMS-synfaring til Hardangerbrua, skriv vegvesen.no.

Dette er den første av i alt fem HMS-synfaringar som vegdirektøren skal gjennomføra, ein i kvar av regionane. Det var i fjor at etatsleiinga vedtok å løfta fram HMS-arbeidet, etter ein gjennomgang av status for Statens vegvesen landet rundt.

Det er lagt vekt på at leiinga skal vera endå meir synleg i HMS-arbeidet.

Ekstra søkelys

Vegdirektøren og regionvegsjefen møtte prosjektleiinga for Hardangerbrua, og fekk orientering om status på prosjektet og på HMS-situasjonen her.

Ved Hardangerbrua har dei hatt sine utfordringar med uønska hendingar. Den siste tida har det vore ein auke i talet på skadar utan fråver. Dette blir det no sett ekstra søkelys på i ein prosess med entreprenøren.

Oppfølging

Også regionvegsjef Helge Eidsnes har gjennomført fleire leiarinspeksjonar i Region vest den siste tida. Om naudsynt kan regionvegsjefen følgje opp HMS-saker med leiinga til den aktuelle entreprenøren.

Terje Moe Gustavsen seier elles at han er imponert over byggjearbeidet på Hardangerbrua og at han er godt nøgd med prosjektleiinga sin innsats.

Besøket til vegdirektøren starta ved regionvegkontoret i Leikanger onsdag, og blir avslutta i Bergen i dag, der han mellom anna skal ta del i eit møte med Hordaland fylkeskommune.

Flere bilder ligger på vegvesen.no

http://www.vegvesen.no/Om+Statens+vegvesen/Media/Siste+nyheter/Vis?key=327484