Ja til regulering av Haugevatnet og Bjunes kraftverk

NVE gjev Dalane Kraft AS løyve til å regulere Haugevatnet med 0,3 m og å byggje Bjunes kraftverk i Sirdal kommune i Vest-Agder.

Ifølgje NVE vil Bjunes kraftverk få ein årleg produksjon på rundt 5 GWh og med det forsyne om lag 250 husstandar med straum. Kraftverket er planlagt med installert effekt på 1,4 MW.

Utbygginga vil nytte eit fall i Haugåna på 282 m og ei elvestrekning på om lag 1,2 km vil få redusert vassføring. Haugevatnet vil bli regulert mellom kote 402,1 og kote 402,4, medan det var søkt om 0,7 meter regulering. Reguleringa er redusert for å redusere ulemper knytt til gytehøva for fisk og for landskapet.

Frå inntaket i Haugevatnet skal vatnet førast i tunell og sjakt ned til kote 170. Frå kote 170 til kraftstasjonen vert vatnet ført i nedgrave røyr. Det vert behov for 40 m ny veg som tilkomst til kraftstasjonen, samt opprusting av allereie eksisterande skogsveg fram til start på tunell. Ovanfor tunellpåhogget skal anlegget byggjast veglaust.

Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring frå Haugevatnet på 30 l/s gjennom året i søndre løp og 10 l/s gjennom året i nordre løp.