Ja til Storvikelva kraftverk

NVE gir Småkraft AS løyve til å bygge Storvikelva kraftverk i Sørfold kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 194 meter og endre naturleg vassføring i Storvikelva og Mølnelva på hhv. 1900 meter og 2300 meter. Vatnet skal i hovudsak førast i nedgravne trykkrøyr, sett bort ifrå ei kort strekning frå inntaket.

Det er og opna for bygging av røyr i dagen på ei bratt strekning inn mot kraftstasjonen. Det skal byggast veg frå Europaveg 6 og ned til kraftstasjonen i Storvika.

Av omsyn til naturmiljøet er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei minstevassføring i Storvikelva på 150 l/s om sommaren og 90 l/s om vinteren. Det vert også stilt vilkår om ei heilårs minstevassføring på 30 l/s forbi overføringsinntaket i Mølnelva.

Fråføring av vatn i Storvikelva og bygging av veg i den nedre delen av prosjektområde vil medføre nokre ulempar for landskapsopplevinga frå nordsida av Leirfjorden. Det er opna for ei best mogeleg tilpassing for landskap ved NVEs endelege godkjenning av detaljplanen for utbygginga.

Det er vidare ikkje registrert nokon spesielle miljøverdiar som blir rørd av ei utbygging, og NVE vurderer at utbygginga saman med avbøtande tiltak som akseptabel i høve til allmenne interesser.