Høg vassikring ved Hardangerbrua

Ved tunnelmunninga til Hardangebrua i Vallavik er det nytta skumplater på over 20 meters høgde, kan hende mellom dei største i verda.

Så er då også denne tunnelmunninga av dei høgaste blant vegtunnelane, med 23 meter frå vegbana til tunneltaket fram mot brua over Eidfjorden, melder vegvesen.no.

Vassikringsplatene av såkalla PE-skum blir nytta i mange norske vegtunnelar. Utanpå platene blir det lagt armeringsnett, og deretter eit lag med 8 cm sprøytebetong.

Det blir tilsaman montert kring 50.000 kvadratmeter med skumplater i tunnelane ved Hardangerbrua. Omlag 80 prosent av tunnelane på tilsaman 2.675 meter er dekka med vassikringsplater i tak og veggar.